Hør utdrag
Mannen som skulle stelle heime - Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe

Mannen som skulle stelle heime

4.5 2 5 Forfatter: Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe Innleser: Kjersti Overvoll
Finnes som lydbok.
Det var eingong ein mann som var så sur og tverr, og aldri tykte han at kjerringa gjorde nok i huset. Så kom han heim ein kveld i slåttonna og grein og banna så det lyste om han. 'Kjære vene, ver ikkje så vond, far,' sa kjerringa; 'i morgon skal vi byte arbeid; eg skal gå med slåttekarane, så kan du stelle heime.' Ja, det var mannen vel nøgd med, og det ville han gjerne. Tidleg om morgonen tok kjerringa ljåen på nakken og gjekk i enga og skulle slå, og mannen skulle då til å stelle huset. Fyrst ville han til å kjerne smør; men då han hadde kjerna ei stund, vart han tørst og gjekk ned i kjellaren for å tappe øl. Medan han heldt på å tappe i ølbollen, fekk han høyre at grisen var komen inn i stova. Han la i veg med tappen i neven, opp igjennom kjellartrappa som aller snarast og skulle sjå etter grisen så den ikkje velta kjerna, men då han fekk sjå at grisen alt hadde slått over ende kjerna og stod og smatta på fløyten som rann utover golvet, vart han så flygande sint at han reint gløymde øltønna, og sette etter grisen det beste han vann. Han nådde han igjen i døra og gav han eit dyktig spark så han vart liggjande på flekken. No kom han i hug at han gjekk med tappen i handa; men då han kom ned i kjellaren, var øltønna tom.
Språk: Norsk Kategori: Barn Serie: Asbjørnsen og Moe på nynorsk: 2 Oversetter: Kjersti Overvoll

Produktdetaljer lydbok:

Forlag: Blikkboks LTD
Utgitt: 2017-10-23
Spilletid: 3M
ISBN: 9788293231899
Kommentarer

Ha alltid en god bok klar – lytt og les hva du vil, når du vil

Les og lytt til så mange bøker du bare vil! Med Storytel kan du lese og lytte ubegrenset til lydbøker og e-bøker i alle sjangre. Du kan enkelt veksle mellom lytting og lesing, og du kan alltid ha bøker offline, slik at favorittbøkene dine er tilgjengelige selv om du ikke har mobildekning. Kort sagt; den beste digitale bokopplevelsen du kan få!
Prøv Storytel nå